Fotballhistorie - Hausten 1984
Postet av Garmo IL den 15. Feb 2025
Her er dei siste utklyppa frå Geir Eriksen sitt arkiv frå den gongen Garmo IL hadde A-lag i fotball. Utover hausten 1984 ser vi at det vart vanskeleg å få nok spelarar til å stille lag, i dei flesta kampane stilte Garmo utan innbytarar. Og i den historiske siste kampen mot Vestsida var det berre 9 spelarar på lagoppstillinga, der fleire av dei aldri hadde spelt A-lags fotball før.
1.8.84 Lalm - Garmo 8-0
4.8.84 Ringebu - Garmo 5-0
10.8.84 Garmo - Lesjaskog 0-2
19.8.84 Garmo - Heidal 1-3
26.8.84 Garmo - Øyer 0-9
31.8.84 Garmo - Tessand 1-2
8.9.84 Tretten - Garmo 6-0
15.9.1984 Garmo - Harpefoss 0-3
22.9.84 Vestsida - Garmo 44-0
Og med denne triste avslutninga var Garmo IL sitt A-lag historie. Det høyrer med til historien at svært mange av kampane i Gudbrandsdalen vart avlyst den same helga som Vestsida og Garmo spelte pga uver. Det hadde kosta Gudbrandsdal Fotballkrets lite å avlyse også denne kampen, og funne ny dato der Garmo også kunne stilt lag. A-lags fotballen i Garmo tok dessverre slutt året før vi fekk vår eigen, flotte bane å spele på. Tessand leigde bana vår sesongen etter og spelte ein del kampar der, Det er vel dei einaste offisielle senior-fotballkampane som er spelt på idrettsplassen i Garmo .
Dette er også historie om ei svært så aktiv periode i gudbrandsdalsfotballen. Det var fleire lag i kvar kommune, og engasjementet var stort. Innbyggartalet i mange grender var langt bortimot det dobbelte av det vi opplever i dag - og ungdomskulla var store.
Nok ein gong ein stor takk til Geir Eriksen som har teke vare på denne viktige delen av Garmo Idrettslag si historie.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Garmo IL

Årsmøte 19. mars
23.02.2025

Trekning Juletrimlotteri
15.01.2025

Fotballhistorie - vårsesongen 1984
08.01.2025

Juletrimlotteri
21.12.2024

Trekning turorientering
12.11.2024