Klart for turorientering
Postet av Garmo IL den 2. jun 2026
Alt er klart for ein ny turorienteringssesong. Denne sesongen har vi lagt ut 16 postar, nokre nye og nokre turmål vi har brukt før. M.a. så kan vi by på ein ny rundtur i Heimfjellet, postar på Vågåsida av Tesse og på Meadalen. Vi har lagt opp til litt kortare turar denne sommaren, og dei fleste turane (bortsett frå den i Heimfjellet) kan passe som kveldstur.
Vi har sett at talet på deltakarar har gått noko ned dei siste åra - så vi håpar på litt fleire som leverar kort nå. De finn kart og klyppekort i postkassa på idrettsplassen. God tur! 
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Garmo IL
God deltaking frå Garmo IL på Lalm
26.08.2026
Konsert ved Dagsturhytta
11.08.2026
Anne Mari med i Jotunheimen Trail Run
11.08.2026
5 frå Garmo IL med på Birkebeinerløpet 2026
13.06.2026
Yngve med andreplass på Åndalsnes
24.05.2026