Trekning vintertrimlotteriet
Postet av Garmo IL den 15. jan 2019
Vintertrimlotteriet er nå avslutta. Det vart delt ut 792 lodd frå 1. desember til 6. januar. 441 lodd var utdelt på Høgkollen, 108 i Kollaløypa, 102 på Storskardet, 56 ved Byrsetra, 46 ved Sandom og 39 på Eklehaugen.
Reidar Marstein hadde flest lodd med 77, Synnøve Bjørgen hadde 56 og Unni Svare Odde 49.
Den mest populære trimdagen var den 29. desember, da vart det utdelt heile 49 lodd.
Reidar Marstein, Jan Erik Byre og Ingrid Ødegård vart trekt ut som vinnarar av kvar sitt gavekort på kr 500. Mari Bjørgen vann ekstrapremien som er eit drikkebelte gjeve av SpareBank 1 Lom og Skjåk.
Turgruppa takkar alle som har delteke! 
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Garmo IL
5 frå Garmo IL med på Birkebeinerløpet 2026
13.06.2026
Klart for turorientering
02.06.2026
Yngve med andreplass på Åndalsnes
24.05.2026
Andrine vann Bergensløpet
24.05.2026
Sterk 5000 meter av Yngve
15.05.2026
God tid på Holmenkollstafetten
09.05.2026