Juletrimlotteri
Postet av Garmo IL den 19. des 2019
Turgruppa held juletrimlotteri. Alle som besøkjer turpostkassene og skriv namnet sitt i turbøkene er med på trekning av premiar.
Dette får føre seg frå laurdag 21. desember til og med sundag 5. januar, og dersom du skriv namnet ditt i bøkene på Høgkollen eller Eklehaugen får du 3 lodd. Skriv du namnet ditt i bøkene ved Byresetra, ved Sandom eller i "Køyllaløypa" (Skogsvegen mellom Frisvoldskogen og Lågkollen) får du 1 lodd. Du kan få maksimalt 3 lodd pr dag.
Dess fleire turar du går dess fleire lodd får du - og dei meir krevjande turane gjev størst vinnarsjanse!
Vi håpar mange vil ut på trim - og vi trekkjer 3 gavekort på kr 500 til heldige og spreke vinnarar!
God tur!

Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Garmo IL
Konsert ved Dagsturhytta
11.08.2026
Anne Mari med i Jotunheimen Trail Run
11.08.2026
5 frå Garmo IL med på Birkebeinerløpet 2026
13.06.2026
Klart for turorientering
02.06.2026
Yngve med andreplass på Åndalsnes
24.05.2026
Andrine vann Bergensløpet
24.05.2026