Juletrimlotteri
Postet av Garmo IL den 21. Des 2024
Tradisjonen tru inviterar turgruppa til juletrimlotteri.
Jula er tida for mykje god mat, og det kan vere godt å ta ein trimtur ein gong i blant for å gjere plass til meire mat. Trimgruppa ynskjer å motivere til trim, og inviterar til juletrimlotteri.
Alle som besøker turmåla på Dagsturhytta, Høgkollen, Postkassa ved skogsvegen i Kollen, Postkassa aust for Sandom, Raudberget, Storskardet, Eklehaugen og postkassa ved Byrsetra frå og med 24.12.24 til og med onsdag 1. januar 2025 får tildelt lodd og er med i trekning av premiar.
Dei som vil delta på lotteriet sender oversikt over turane dei har vore på på epost til svein.garmo@hotmail.com eller sms til 90937456. Skriv på dato, namn og turmål. Send inn lista seinast 3. januar.
Du får to lodd ved å besøke Storskardet, Høgkollen, Eklehaugen og Raudberget, og eitt lodd ved å besøke dei andre turmåla. Du kan få lodd berre frå eitt turmål kvar dag
Trekning turorientering
Postet av Garmo IL den 12. Nov 2024
Det var levert inn 24 kort etter turorienteringa, akkurat det same talet som i fjor. 5 av dei innleverte korta kom frå deltakarar under 12 år.
Ida Steinehaugen og Unni Svare Odde vann kvart sitt gavekort på kr 1000, Malli Stokke vann ein bag frå SpareBank 1 Lom og Skjåk, Sigrunn Odde vann ein termos frå SpareBank 1 Lom og Skjåk, Rønnaug Mo vann ei termoflaste frå SpareBank 1 Lom og Skjåk, og Jorunn Mo og Anne Kari Christensen vann kvar sin hals/buff frå Kulturminnefondet. Vi vil dele ut gevinstane med det fyrste - og alle som deltok vil også få kvar sin deltakarpremie frå banken.
Ingrid Sætrom, Sigrid Sætrom Steinehaugen og Asbjørn Myrhaug får 5-års krus.
Takk til alle som deltok, takk til alle som har vore med å hente inn att postane. Kom gjerne med innspel til opplegget og idear til nye turmål!
Kjempeløp av Andrine på Jessheim
Postet av Garmo IL den 27. Okt 2024
Arkivfoto frå Bergen maratonAndrine Sole deltok i dag på 10 km på Norgestesten på Jessheim. Ho fekk tida 39.33, og vart med det nr 2 av 50 startande i dameklassa. Ho hadde mellom anna bronsevinnar frå ski-vm 2019, Mari Eide Gløersen, bak seg på resultatlista. Nok eit glimrande løp av Andrine.
Felles joggekveldar
Postet av Garmo IL den 17. Okt 2024
Sti til dagsturhytta
Postet av Garmo IL den 16. Okt 2024
Unni og Rolv har merkt ein gammal stig frå Bygdahuset og opp til dagsturhytta. Stien er merkt med kvite band og små vaglar.
Chicago Marathon
Postet av Garmo IL den 16. Okt 2024
Maratonløparane våre har vore ute i den store verda att, denne gongen i Chicago - og båe fullførte med glans. Ann Kristin fullførte på 5.32, medan Karin kom i mål på 4.58. Imponerande innsats av båe to!
Ann Kristin etter målgang
Nå kan du bestille klubbdressar og treningstøy
Postet av Garmo IL den 30. Sep 2024
Vi tek opp ny bestilling frå Trimtex.
Klikk her for å sjå produkta, og prisane finn de her ; Priser Garmo Idrettslag.pdf
Som medlem får du desse rabattane på "din stk pris" i prislista:
600kr i avslag jakke junior, 400kr i avslag bukse.
500 i avslag jakke vaksen, 300kr i avslag på bukse.
200kr i avslag på andre plagg
Send bestilling så snart som råd til post@garmo-il.com, eller telefon til Ann Kristin 97530101
Ynskjer du å melde deg inn i Garmo IL?
Følg lenka her:
Logg inn - eller registrer deg som brukar av Min Idrett, og klikk på "bli medlem av et idrettslag"
Oslo Maraton - Karin vann - og gode prestasjonar og resultat!
Postet av Garmo IL den 22. Sep 2024
Det var god deltaking frå Garmo IL i Oslo Maraton i helga, og det var også veldig gode resultat og tider.
Karin Sveine var den raskasta blant alle damene i 10 km Racing. Karin fekk tida 1.05.52. ( I resultatlistene er det ei anna som står som den raskaste, men dette er feil)
Dagmar Laingen kom heilt oppe på 10. plass blant 276 deltakarar i klasse K45-49 med den sterke tida 1.40.33. Like bak Dagmar i tid kom Sindre Garmo. Han sette solid pers med 1.41.38. Ann Kristin Vangberg fekk sluttida 2.29.03
Andrine Sole stilte denne helga på 10km "10 for Grete". Ho vart nr 58 i klassa med 42.26.
Det er veldig artig at Garmo IL har med så mange deltakarar på dette enormt store arrangementet.
Karin på pallen (foto: lånt frå Karin sin facebookprofil)
Dagsturhytta på plass
Postet av Garmo IL den 17. Sep 2024
Da er den nye Dagsturhytta til Lom kommune oppe!
Litt praktisk info:Hytta er ei dagsturhytte, altså ein plass for dagsturar - ikkje overnatting. Det er Garmo Idrettslag som har driftsansvar, mens Lom kommune eig hytta. Brun Bygg As har bygd hytta, mens Gjeisar Maskin har gjort grunnarbeidet.
Du kan nå hytta frå fleire utgangspunkt, men det mest naturlege er å parkere bilen i nærleiken av barnehagen i Garmo og gå frå der (i retning Høgkollen). Det er ikkje toalett der, og søppel tas med ned att - som på ein vanleg tur. Ta godt vare på plassen
Skilting og noko arbeid utandørs gjenstår, samt opningsarrangement. Det kjem! Dagsturhyttene i Innlandet er eit prosjekt i regi av Innlandet fylkeskommune, med støtte frå spelemidlar, den enkelte kommune og Sparebankstiftelsen. Plasseringa er avgjort i kommunestyret.
Sidan det er Garmo IL som har driftsansvar, skal vi med innom hytta ein gong i veka og sjekke at alt er i orden. Vi treng difor frivillige til å ta på seg å gå innom der og rapportere om korleis det ser ut.
Det er fint om dei som ynskjer å vere med å sjå etter hytta melder i frå om dette til styret i Garmo IL ved Ann Kristin Vangberg.
Bilete lånt frå Lom Næringsforum si facebookside
Andrine under halvannan time på halvmaraton
Postet av Garmo IL den 8. Sep 2024
Andrine Sole fortset å springe fort. I helga sprang ho Drammen Maraton, der ho fekk ei sluttid på halvmaraton på 1.28.21, og var med den tida heilt oppe på 51. plass totalt i dameklassa. Dette er nok den beste halvmaratontida for damer i Garmo Idrettslag - og ein veldig sterk prestasjon.
Arkivfoto frå Bergen Maraton tidlegare i år
Nok eit flott Løp for meg - arrangement!
Postet av Garmo IL den 1. Sep 2024
Med ein fantastisk start på september vart det nok eit triveleg "Løp for oss" arrangement til inntekt og støtte for Barnekreftforeningen og NRK-Tv aksjonen 2024. Det var 48 som deltok på løpet i dag, og pr sundagskveld er det innsamla over 11000 kroner.
Spleisen er ope ut september, så vi håpar mange går inn for å støtte saka - sjølv om du ikkje hadde var med på løpet i dag.
Her er link til spleisen: Løp for meg - Garmo 2024 | Spleis fra SpareBank 1
Nokre bilete frå ein jælma triveleg dag;
Sjårdalsløpet 2024
Postet av Garmo IL den 25. Aug 2024
Sterk innsats av løparane til Garmo IL i Sjårdalsløpet
Andrine Sole vart nr 2 totalt i dameklassa, bak Oline Vestad, på Sjårdalsløpet 24.8., Dagmar Laingen vann klasse 40-49 år, og Ann Kristin Vangberg vart nr 4 i same klasse. I herreklassa vann Yngve Laingen klasse 40 - 49 år. God innsats av Garmo Idrettslag sine deltakarar!
De finn fullstendig resultatliste på facebooksida til Sjårdalen IL
Løp for meg!
Postet av Garmo IL den 11. Aug 2024
For andre år deltek Garmo Idrettslag som arrangørar av "Løp for meg" der inntektene går til Barnekreftforeningen.
Dette foregår den 1. september kl 1200, start og mål er ved Garmo Barnehage. Ein kan springe, jogge, gå eller trille barnevogn. Startkontigenten er kr 100, familiekontigent kr 250.
Du finn meir informasjon på www.spleis.no/løpformeggarmo
Det er elektronisk påmelding på nettsida, men det er au mogleg å melde seg på ved start. Møt da opp i god tid. I fjor klarte Garmo IL å samle inn over 20.000 til Barnekreftforeningen, og vi håpar på å oppnå minst det same i år!
Nye sterke løp av Andrine
Postet av Garmo IL den 30. Jun 2024
Andrine Sole vann dameklassa på Ottaløpet i helga, det var heile 24 deltakarar med
Resultatliste finn de her;
Og førre helga gjekk ho til topps i Vom Dogrun på Skeikampen - og her vann ho totalt blant både damer og herrer! Det er tydeleg at Andrine er i knallform!
Vom Dogrun Skeikampen 2024, 22-06-2024 : : my.race|result (raceresult.com)
Spreke birkebeinarar
Postet av Garmo IL den 16. Jun 2024
Garmo IL hadde tre deltakarar i Birkebeinerløpet på laurdag. Det var blautt og krevjande forhold, men alle tre fullførte på gode tider.
Andrine Sole fullførte på 1.34.24 i K20 og tok med det ein 8- plass i klassa, Ann-Kristin Vangberg på 2.34.46 i K40 og Dagmar Laingen på 1.55.22 i K45
Dagmar tilfreds med å ha klart merkekravet
Klart for turorientering
Postet av Garmo IL den 28. Mai 2024
Da er alt klart for turorienteringssesongen. De finn informasjon, kart og klyppekort i postkassa på idrettsplassen. Postane 13,14 (Heggeberget og Tessefjellet) og 15 og 16 (Strondseterhøe og Kleivhøe) er ikkje lagt ut enno. (Kanskje nokon vil ta turen ut med postane?) Det blir gjeve beskjed på facebooksida til idrettslaget når dei siste postane er ute.
Det er 17 postar i år. Dei som leverar inn kortet med nok klypp er med i trekning om premiar. Vaksne må ha 12 postar, medan born og pensjonistar tek så mange postar dei klarar. Lever kortet til Svein Garmo innan 15. oktober.
God tur!
Solid rekord av stafettlaget
Postet av Garmo IL den 5. Mai 2024
Garmo IL sitt stafettlag sprang inn til ei solid sluttid på Holmenkollstafetten i går. Laget fekk sluttida 1.23.19, noko som er over 5 minutt betre sluttid enn i fjor, og laget sette da ein skikkeleg "pers".
Framme frå venstre: Ole Eggen, Per Morten Oldren, Anette Ekle, Ann-Kristin Vangberg, Gudbrand Mo, Andrine Sole. Bak frå venstre: Yngve Laingen, Sindre Garmo, Oddrun Mo, Dagmar Laingen, Trygve Garmo, Sigrid Vangberg, Maria Laingen, Åse Marie Mundal og Karin Sveine
Rekorden vart feira med god middag etterpå - velfortent!
Garmo IL stiller lag i Holmenkollstafetten
Postet av Garmo IL den 2. Mai 2024
For tredje år på rad stiller Garmo Idrettslag lag i vårens vakreste eventyr - Holmenkollstafetten. Dette skjer fyrstkommande laurdag.
Fjorårets lag
Garmo startar kl 1410 og stiller med dette laget;
Image Caption
Dei melder over 20 varmegrader i Oslo i helga, så dette blir nok ei flott oppleving. Lykke til - Heia Garmo!
Sterke prestasjoner i London, Oslo og Bergen
Postet av Garmo IL den 28. Apr 2024
Løpssesongen er godt i gang, og Garmo Idrettslag har hatt med deltakarar over heile verda med sterke resultat.
Førre helga var Ann-Kristin Vangberg og Karin Sveine på nytt maraton-eventyr, denne gongen i London. Båe fullførte med gode tider, Ann-Kristin på 5.24 og Karin på 5.56. Det må nemnast at Karin punkterte før start - og rulla 42 km med flatt hjul - litt av ein prestasjon. Ann-Kristin seier at det var heilt vilt med publikum rundt løypa, det var sagt at det var over ein million som var ute for å heie på løparane
Andrine Reksen Sole deltok på Bergen Halvmaraton laurdag, der ho sprang inn på den svært sterke tida 1.32.28.
I Oslo var det Sentrumsløpet, og der deltok Sindre Garmo som fullførte med den sterke tida 49.25.
Gratulerer til alle 4, det er veldig artig at Garmo Idrettslag er representert på slike store arrangement.
60 Kommentarer
Triveleg familiedag på Soleggen
Postet av Garmo IL den 25. Mar 2024
Garmo IL og Soleggen Fjellstue arrangerte aktivitetsdag ved fjellstugu palmesundag. Det var eggmåling, rebusløype med premiering, og fjellstugu stilte med pysje til grilling og vafler.
Ein vellykka dag med godt frammøte!
Sjå nokre bilete frå arrangementet.
Fotballhistorie - hausten 1983
Postet av Garmo IL den 28. Feb 2024
Her kjem litt fleire utklypp frå Geir Eriksen sitt arkiv, dette er frå haustsesongen 1983
Garmo - Tretten 0-0
Dagningen 8.8.83.
Gudbrandsdølen 8.8.83
Ringebu - Garmo 7-0
Gudbrandsdølen 15.8.83
Vestsida - Garmo 8-0
Dagningen 22.8.83
Gudbrandsdølen 22.8.83
Garmo - Lalm 0-1
Gudbrandsdølen 27.8.83
Sør-Fron - Garmo 6-0
Dagningen 29.8.83
Garmo - Tverrbygda 0-6
Dagningen 12.9.83
Tessand - Garmo 6-1
Garmo - Heidal 0-6
Gudbrandsdølen 26.9.93
Slik vart slutttabellen 1983
Brei spelarstall fyrste sesongen
31 Kommentarer
Årsmøte
Postet av Garmo IL den 24. Feb 2024
Det blir årsmøte i Skogheim 21. mars kl 20. Vanlege årsmøtesaker
Familiedag på Soleggen Fjellstue
Postet av Garmo IL den 11. Feb 2024
Vi gjentek suksessen!
I samarbeid med Soleggen Fjellstue ynskjer vi igjen velkomne til aktivitetsdag for heile familien på Soleggen, palmesundag 24. mars 2024. Dette er eit arrangement som er ope for alle som vil, både små og store.
Vi legg opp til ei uhøgtideleg lagkonkurranse for familielag i eit rebusløp vertskapet på Soleggen har laga. Rebusløpet inneheld både spørsmål og aktivitetar. Det blir enkel premiering til alle som deltek. Vi satsar også på å lage ein liten hoppbakke og ein akebakke ved fjellstugu for de minste. Ellers byr området på mange fine skiturar.
Soleggen serverer vafler, saft og kaffe ved bålet etter at de har gjennomført rebusløpet.
Rebusløypa vil vere ope frå kl 1200 - 1500 - så da kan de kome og gjennomføre når det passar.
Vi håpar på ein triveleg dag og godt frammøte både av bygdafolk og påskegjestar!
(Om du har vore på skitur i området er du sjølvsagt velkomen til å komme innom)
Ta med ski, godt med klede og gjerne sitjeunderlag
466 Kommentarer
Trekning Juletrimlotteri
Postet av Garmo IL den 16. Jan 2024
Vi har trekt juletrimlotteriet. Det var utdelt 237 lodd - og vinnarane er:
Syynøve Kleiven Bjørgen og Unni Svare Odde vann kvart sitt gavekort på kr. 500
Johannes Smedsmo og Reidar Marstein vann kvar si huve frå Fjellbanken
Siv-Iren Øyen og Siv-Kari Garmo vann kvar sin hals frå Fjellbanken.