Fellestur sundag 3. september
Postet av Garmo IL den 30. Aug 2017
Sundag 3. september inviterar turgruppa på ei kulturhistorisk vandring i Heimfjellet. Reidar Marstein er turleiar, og vi går frå Smørlie og opp på nordsida av Nedre Grjotåe. Vidare innover Grjotåflye og gjennom Herbergshøskaret, frå der sørover til Grjotåskaret og nedatt til Smørlie.
Vi håpar at mange vil bli med oss på denne turen, dette er eit flott høve for mange til å oppdage nye og spennande delar av Heimfjellet!
Vi går frå Smørlie kl 0930. Ta med niste og klede for å vere ein heil dag ute i fjellet. Det er ikkje påmelding, men gje gjerne beskjed på facebooksida til Garmo IL om du vil vere med.

Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Garmo IL
Trekning turorientering
02.12.2025
Nytt sterkt løp av Andrine
07.10.2025
Seier til Andrine på Gatebirken
01.10.2025
Oslo Maraton
20.09.2025
Kolbott-mila på Lalm
17.09.2025
Sterk maratondebut for Sindre
06.09.2025