Fin fjelltur

Postet av Garmo IL den 17. Sep 2018

Det var ikkje mange som stilte opp til fellestur til Sjugurdsjøpiggen sundag, men vi tre som tok i vegen fekk ein triveleg og fin tur. Vi gjekk frå Sallia, og gjekk fyrst innover mot Sjugurdsjøen etter god stig. Like før vi var oppe ved Sjugurdsjøen ved skoggrensa gjekk vi av stigen og opp fjellsida mot Sjugurdsjøpiggen. Høgdemetra kom fort her, men det er enkelt og fint både å gå og å finne fram oppover. 

Det var fint og godt haustver og nesten ikkje vind, så vi måtte legge jakkene i sekken på tur opp bakkane der. Etter kvart som vi vann høgdemeter fekk vi flottare og flottare utsikt. Fyrst over mot ein snøkledd Nautgardstind, og etterkvart mot Glittertind og Besshøe. Litt lengre opp fekk vi utsikt mot Murudalen og dei fine Refjellsvatna, og når vi kom opp på ryggen var det flott utsikt mot Tesse og områda rundt der. Vi høyrde ein del skot i området, så det er nok truleg at det var mange tilfredse rypjegerar der denne dagen.

Vel framme på toppen på 1674 moh tok vi ei god pause med niste og studering av utsikt før vi gjekk nedatt. 

Vi brukte 4 timar totalt på turen, som var litt over ei mil lang.

 Litt surt på toppen, vi ser Tesse i bakgrunnen.Mot ein snøkledd Glittertind

Sjodalen




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.